Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ideologi

Nokre har byrja å bruke omgrepet ideologi som eit slags skjellsord. Når nestleiar i Høgre Henrik Asheim skulle kommentere talen til Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre i helga, sa han at «han er mest opptatt av ideologisk motstand mot hvem som skal sørge for omsorgen, ikke de som trenger omsorgen». Den fråfalne sosialdemokraten Karita Bekkemellem er også bekymra for at politikarane er så opptekne av ideologi, og det å vere for oppteken av ideologi ser ut til å bety det same som å vere usamd med henne. Omgrepet «ideologiske skylappar» har mellom siste året vorte brukt om alt frå søndagsopne butikkar til støtte til dei kommersielle meieria. Den underliggjande tanken bak at ideologi er noko dumt, er kanskje at det er betre å ta frie og fornuftige val utan å vere låst til ein viss måte å tenkje på. Det er ei stor misforståing.