Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sekretær

Ap får ikkje noko kampvotering om partisekretærstillinga på landsmøtet som byrjar i dag. For nøyaktig hundre år sidan fekk dei derimot det. På landsmøtet i 1923 stod striden mellom 25 år gamle Einar Gerhardsen frå Oslo og 33 år gamle Peder Furubotn frå Sogn. Gerhardsen var vegarbeidar, Furubotn var møbelsnikkar. Begge hadde lete seg rive med av entusiasmen som oppstod kring den russiske revolusjonen seks år tidlegare. Gerhardsen var på eit fleire månadar langt opphald i Moskva i 1920, i samband med den andre kongressen i den tredje internasjonale. Furubotn hadde vore fengsla fleire gonger i samband med ulovlege streikar i Bergen, og i 1923 var han den mektigaste Arbeidarparti-mannen i Bergen.