Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mønsteret er klart: Me lever i ei tid der likestilling, reproduktive rettar og LHBT-rettar er under åtak.

Til helvete?

SKYTESKIVE: Kampen mot dragshow for barn, det vil seia eventyropplesingar på biblioteka, er symptomatisk for kampanjene me ser i mellom anna USA, skriv Stephen Walton. Her protesterar ei dragdronning i Tennessee. Foto: John Amis, AP/NTB

Det er snart påske, og da tenkjer me på helvete. På genus- og kjønnsfeltet er det derimot lett å tru at alt går til helvete. Me har lenge levd i trua på at den seksuelle reformrørsla har sigra, og at reformene er irreversible. Innsiktene til denne rørsla vart sett i verk av vitskaplege statar etter trykk frå sosiale rørsler, først og fremst frå kvinnerørsla, også frå homorørsla. Der likestilling, reproduktive rettar, LHBT+-rettar, og fritt tilgjenge til seksualopplysning er blitt oppnådde, ligg dei i hovudsak fast. Men me lever i ei tid der desse rettane er under åtak.