Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gje meg eit opprør, gje meg eit brøl.

Brølet

Då Senterpartiet opna landsmøtet sitt i går, vart dei møtt av Kystbrølet. Høgre-medlem Bjarne Brøndbo (også kjent frå DDE) spelte opp, og busslastar med austeuropearar var bussa inn av Salmar for å brøle. Det var eit fakkeltog mot lakseskatt, men det òg var busslastar frå Salmar, så eg reknar dei som det same, sjølv om eg ikkje veit om dei organisatorisk var tilslutta Kystbrølet. På måndag har Vestlandsopprøret kickoff i Ålesund. Dei òg er frustrerte på regjeringa på grunn av skattar og sånt.

Dei har fått litt kritikk for å vere høgresida og rike og difor kanskje ikkje i målgruppa for å like politikken frå regjeringa. Men frontfigur Roger Hofseth sa på Politisk kvarter at på Sunnmøre er det ikkje så stor skilnad på milliardærar, millionærar og vanlege folk. Sjølv er han faktisk heilt ny på Kapital si liste over dei 400 rikaste i landet. Han er heilt nede på 375.-plass og berre god for 1,1 milliardar kroner. Det er heilt seriøst ganske bra at rikingane på Sunnmøre ikkje er som rikingane på Austlandet, for eg har nett sett Exit og om ålesundarane skulle teke kokain i tillegg, hadde det vorte litt for mykje.

For nokre veker sidan var Helsebrølet, som er starta av helsepersonell som er mot kutta i sjukehusa, utanfor Stortinget. Frå halv fire til fem. Etter å ha brølt i halvannan time reknar eg med det var rett på øre-nase-hals, om det framleis jobbar nokon der. Dei må vi ikkje forveksle med Bunadsgeriljaen og Barselopprøret. Om Barselopprøret skal stå utanfor eit landsmøte og protestere, håpar eg dei droppar DDE og hyrar inn Trang Fødsel i staden. Etter at Helsepartiet slo seg saman med Industri- og næringspartiet (eg veit ikkje, ikkje spør) er det eit tomrom i partifloraen eller -faunaen om dei tre vil slå seg saman til eitt større og meir robust brøl eller opprør.

I tillegg har vi folkeaksjonen mot meir bompengar, opprøret mot ferjeprisar, straumpartisanarane, arkitekturmafiaen og Facebook-gruppa mot flyprisane i Nord-Noreg, for å nemnde nokre. Sylvi Listhaug var ein slags «first mover» med Hylekoret. Flyktningane til Sveits burde få seg eit Rolexbrøl. Vi har snakka mykje om svenskesuget, men ingen nemner Zermatt-suget. Kvifor finst ikkje Facebook-opprøret «Nei til avliving av dei 140 villgeitene i Sogn» og kioskkremmargeriljaen «Nei til ekstraferje på Jondal – Tørrvikbygd i sommar»?