Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Omsorgsfull film om vanskjøtta barn.

Skarpsynt portrett

Klesvask seier meir enn ord: Catherine Clinch er nydeleg som den elleveårige Cáit. Foto: Selmer Media

The Quiet Girl

(An Cailín Ciúin, Irland, 2022) Regi og manus: Colm Bairéad etter ein roman av Claire Keegan Drama, 1 t. 34 min., Kino

Den irske forfattaren Claire Keegan er kjent for si Bookerpris-nominerte juleforteljing «Småting som dette», som på underfundig vis tar opp den katolske kyrkjas svik mot sårbare barn og mødrer. Ein tilgrensande tematikk finn ein i romanen som på norsk er kalla «Tre lys» og som i fjor vart filmatisert under tittelen «The Quiet Girl».