The Quiet Girl
(An Cailín Ciúin, Irland, 2022) Regi og manus: Colm Bairéad etter ein roman av Claire Keegan Drama, 1 t. 34 min., Kino
Den irske forfattaren Claire Keegan er kjent for si Bookerpris-nominerte juleforteljing «Småting som dette», som på underfundig vis tar opp den katolske kyrkjas svik mot sårbare barn og mødrer. Ein tilgrensande tematikk finn ein i romanen som på norsk er kalla «Tre lys» og som i fjor vart filmatisert under tittelen «The Quiet Girl».