Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein kriminalteknisk dokumentar-thriller om politisk korrupsjon i Slovakia.

Journalistdrap i EU

Tok over: Den uredde gravejournalisten Pavla Holcová var blant den drepne Ján Kusiacs vener, som førte korrupsjonsgranskinga hans vidare. Foto: Final Cut for Real

The Killing of a Journalist

(Danmark/Tsjekkia, 2022) Regi: Matt ­Sarnecki Dokumentar, 1 t .40 min., Vega Kino i kveld 18.45

Den 25. februar 2018 vart den unge, slovakiske gravejournalisten Ján Kuciak og kjærasten Martina Kušnírová skotne i heimen sin. Kuciak rapporterte om offentleg korrupsjon og økonomisk kriminalitet i den uavhengige nettavisa Aktuality.sk . Ikkje minst hadde han skrive fleire saker om «forretnings-edderkoppen» og oligarken Marian Kocner. Då han vart drepen, arbeidde journalisten med ei sak som kunne knyta Kocner til statsminister Robert Fico, den dominerande politikaren i Slovakia gjennom meir enn eit tiår.