Journalistdrap i EU
Ein kriminalteknisk dokumentar-thriller om politisk korrupsjon i Slovakia.

The Killing of a Journalist
(Danmark/Tsjekkia, 2022) Regi: Matt Sarnecki Dokumentar, 1 t .40 min., Vega Kino i kveld 18.45
Den 25. februar 2018 vart den unge, slovakiske gravejournalisten Ján Kuciak og kjærasten Martina Kušnírová skotne i heimen sin. Kuciak rapporterte om offentleg korrupsjon og økonomisk kriminalitet i den uavhengige nettavisa Aktuality.sk . Ikkje minst hadde han skrive fleire saker om «forretnings-edderkoppen» og oligarken Marian Kocner. Då han vart drepen, arbeidde journalisten med ei sak som kunne knyta Kocner til statsminister Robert Fico, den dominerande politikaren i Slovakia gjennom meir enn eit tiår.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent