Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er ei anna verd mogleg?

Vakkert om venskap

Eit eige rom: Bruno (Alessandro Borghi) og Pietro (Luca Marinelli) reiser ei hytte over sin eigen venskap i Alpane. Foto: Selmer Media

De åtte fjellene

(Le otto montagne, Italia, 2022) Regi og manus: Felix van Groeningen og Charlotte Vandermeersch etter Paolo Cognettis roman Drama, 2 t. 27. min, kino

Alt for få filmar handlar om berre å vera i verda. På sitt beste kan «De åtte fjellene» få oss til å gløyma personlege og samfunnsmessige mål med livet ved å la oss oppleva naturen i stille sameksistens med to vener på lerretet. Slikt kan skapa ei kraftfull og grenseoverskridande fellesskapskjensle.