Ap-ledelsen er under økende press for å gjøre noe med markedssystemet for kraft, som fører til at Norge på varig basis får europeiske priser, noe som gjør at norsk industri mister konkurransefordelen, som politikere i uminnelige tider har lovt å opprettholde. Den bokstavtro EØS-lojaliteten i toppen av regjeringsapparatet er besynderlig å bivåne og står i skarp kontrast til EUs egen håndtering av energikrisa.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Sementproduksjon står for åtte prosent av verdas CO2-utslepp. No må økonomi vike for klimaomsyn.
Bygg mindre!
Kron og mynt
I «Klimaplan 2021–2030» (Meld. St. 13) som regjeringa Solberg la fram i januar 2021, var det berre fem sider om bygg- og anleggssektoren i eit dokument på 208 sider. Det er langt mindre enn denne sektorens klimabelastning skulle tilseie. Meldinga refererer til ein rapport som har estimert at 15 prosent av dei samla utsleppa av klimagassar i Norge, det vil seie over sju millionar tonn CO 2 i 2021, er knytte til verksemd i bygg- og anleggssektoren. Det er langt meir enn utsleppa frå jordbruket (4,6 millionar tonn) og ikkje langt frå all vegtransport (8,7 millionar tonn).