Det er dags for ei god, gamaldags gladsak. I 2020 ville ikkje Vestland fylkeskommune betale for bokbåten MS Epos meir etter at han hadde vore eit flytande bibliotek for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal sidan 1964. Eg har nok ikkje vore innom båten sjølv sidan eg var tolv år gamal, før eg vitja han for tre år sidan. Det slo meg kor liten han var, for eg hugsar han som diger. Små bibliotek rommar store opplevingar.
Epos
Dagboka