Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har kuttet den politiske kontakten med Russland til et minimum. Men han tror fortsatt det er lurt å snakke sammen.
Støre tror fortsatt på dialog med Putin
RusslandMarius Helge Larsen (NTB)
Pause: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sier han ikke har hatt kontakt med Russlands president Vladimir Putin siden før sommeren i fjor. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB
– Jeg tror aldri man har blitt klokere av å prinsipielt utelukke å snakke sammen. Men veldig mange som har snakket med Putin, opplever at løftene som er blitt gitt, ikke er fulgt og at samtalene ikke har ført fram, sier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Rec Solar har snart vore stengt i eit halvt år på grunn høge straumprisar. Permitterte Rune Norheim er skuffa over at regjeringa ikkje har gjort meir.
TØFT HALVÅR: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) besøkte det kriseråka solcelleselskapet Rec Solar i Kristiansand i fjor. Foto: Tor Erik Schrøder, NTB
Samstundes som Energikommisjonen har stor tru på produksjon av solkraft i åra som kjem, er det høgst uvisst om ei av dei store bedriftene som produserer silisium til solcellepanel i Noreg, vil overleva.
Dei høge straumprisane var grunnen til at Rec Solar stengde ned produksjonen i fjor haust. Sidan den tid har 250 tilsette vore permitterte. Snart går permitteringsperioden på seks månadar ut, og nyleg blei dei tilsette kalla inn til eit allmøte fyrstkommande tysdag.
Ifølge Fædrelandsvennen vurderer eigarane no om dei skal legga ned for godt.
Rune Norheim er tillitsvald for dei organiserte i Tekna ved Rec Solar Norway. Han er ein av dei mange som har vore permittert i nesten eit halvt år. Norheim meiner det er skuffande at regjeringa ikkje har tatt grep om straumprisane.
– Det er jo regjeringspartia som vel å gjera dette. Me har prøvd å påverka ministrar og statsministeren mange gonger. Det verker som det kjem ganske lite ut av det. Det som skjer no, er resultatet av regjeringa og Stortinget sin måte å gi bort norske straumressursar, seier Norheim.
Andreas Hadland, tillitsvald for organiserte i LO-forbundet Industri Energi, er håpefull før allmøtet.
– Eg trur beskjeden me får, er positiv, seier han.
Ber om betre avtalar
Rec Solar, som har ein svært kraftkrevjande, men rein produksjon, stod utan langsiktige kraftkontraktar då prisane på straum skaut i vêret.
Ifølge Frifagbevegelse auka straumrekninga frå 6,5 millionar kroner for ein vanleg månadsrekning, til 40 millionar i desember 2021, og vidare til 60 millionar i juli 2022.
For å redda selskapet frå nedlegging ber Nordheim om nye straumavtalar:
– Me må få straumavtalar som er leveleg for industrien, seier han.
Han trur selskapet vil overleva med avtalar som på nivå med kullprodusert kraft til 50-60-70 øre per kilowattime.
– Det er vesentleg høgare enn standardprisen i Noreg før, men kunne gått, trur han.
– Korleis ser du på situasjonen no?
– Eg synest det er ufatteleg trist at me har komme i ein situasjon der så mange flinke tilsette er permittert. Det er på grunn av at politikarane har laga ein straumpris der det ikkje er mogleg å driva i balanse. Det går rett og slett ikkje.
– Trur du Rec Solar blir lagt ned?
– Eigarane har vore positive. Samstundes er det eit punkt for kor mykje tap dei kan tola for å driva vidare. Det er tragisk at ein legg ned ein grøn industri fordi ein ikkje kan konkurrera – og i realiteten aukar avfallsbiten og erstattar rein kraft med kolkraft i Asia.
– Kva håpar du skal skje?
– Eg håpar på ein straumavtale som gjer det mogleg å driva vidare. Me veit at me vil kunna driva med tap ein viss periode, men på sikt må me gå i balanse. Det er ikkje eit krav at me skal tena store pengar, men at me skal dekka kostnadar, seier Norheim.
Leiinga av LO-forbundet Industri Energi ber eigarane trø til.
«Det er jo regjeringspartia som vel å gjera dette. Me har prøvd å påverka ministrar og statsministeren mange gonger.»
— Rune Norheim, tillitsvald i Tekna ved Rec Solar Norway
– Me håpar i det lengste at Rec Solar skal overleva. Eg skulle ønskt at eigarane kjem på banen. Eg er overtydd om at dette kan gå veldig bra. Solindustrien har framtida føre seg, seier Cay Nordhaug, som skryt av jobben dei tillitsvalde har gjort for å forsøka å berga selskapet.
– Eigarane kan saman med med kraftselskapa og regjering få dette til. Men då må eigarane visa vilje til å satsa i Noreg, noko eg håpar skjer.
Har fått tilbod
Det har vore gjort fleire forsøk på å gi Rec Solar kraftkontraktar til det kraftbransjen meiner er gunstige prisar, men til no har det ikkje ført fram.
Ifølge Fædrelandsvennen har både Agder Energi og Statkraft og statkraft tilbydd selskapet fastpriskontraktar i fjor vår.
«Vi strakk oss langt. Av konkurransehensyn vil jeg ikke si nøyaktig hva vi tilbød, men det lå mellom 50 og 60 øre per kilowattime», sa Agder Energis konsernsjef Steffen Syvertsen til Fædrelandsvennen i fjor.
Fleire slit
Norsk Industri vil ikkje uttala seg om situasjonen til Rec Solar. Men dei fortel at dei har ei liste med ti–tolv selskap som er i ein svært pressa situasjon på grunn av dei høge straumprisane.
Dette er selskap med minst 50 tilsette, i litt ulike bransjar, alle i Sør-Noreg.
– Dette er verkstadindustrien, i brei forstand. Dei brukar ganske mykje straum, men har ikkje høve til å få industrikontraktar, seier Knut Sunde, bransjedirektør i Norsk Industri.
Han seier den milde starten på vinteren har vore viktig for at situasjonen ikkje er endå verre.
– Det er openbert at fleire på denne lista kan ryka i vinter. Det er ingen tvil om, seier han.
Dei vil ikkje gå ut med namn. Selskapa på lista kjenner ikkje til kvarandre, men Norsk Industri pleier ekstra kontakt med dei.
Sunde seier at mange bedrifter har brukt opp kontantstraumen etter skyhøge straumutgifter i fjor. Mange må skyva på investeringar.
Marknaden sviktar Elkem
Denne veka melde Elkem at dei stenger ned den eine omnen sin ved fabrikken i Svelgen i Bremanger.
Elkem peikte både på høge straumprisar og svikt i salet i pressemeldinga.
Øyvind Grindheim, som har jobba ved fabrikken i 40 år og i dag er tillitsvald for organiserte i LO-forbundet Industri Energi, er likevel ikkje uroa.
– Slik det er no, er me ikkje uroa. Det er kring 25 personar som er knytt 100 prosent opp mot den omnen som skal stengast, men dei vil ha arbeid, seier han.
– Er det dei høge straumprisane eller marknaden som er den viktigaste årsaka?
– Det er nok ein kombinasjon. Marknad har også mykje å seia. Men me treng føreseielege rammevilkår, og her er straum ein vesentleg del, seier Grindheim.
I fyrste omgang skal omnen vera stengd i seks veker.
Ingenting ligg så vel til rette for planlegging som alderdomen.
Styrt avvikling
Solveigs saltSolveig Aareskjold (forfattar)
Dersom eg blir tutlete, så skyt meg!» sa moster Liv. Det var det ingen som såg syn på, og demensen fekk uhindra smuldra opp det fine hovudet. Heldigvis var det plass til henne i ein god omsorgsinstitusjon, og lenge hadde ho så mykje att av det sjarmerande vesenet sitt at personalet kappast om å få ha henne på si vakt. Men den siste tida ville ho nok betalt mykje for å sleppa.