Moral ifølge Medea
Trøndelag Teater
Av: Athena Farrokhzad
Regi: Saila Hyttinen
Med: Synnøve Fossum Eriksen og Janne Kokkin
Det er ikkje mange av verdshistorias drama som kan måle seg med den greske myten om Medea frå Kolkis. Ho som forelskar seg i helten Jason, drep bror sin, flyktar med Jason til Korint der dei får to barn, før ho blir sviken når Jason vel å gifte seg med kongens dotter. Medea reagerer med å ta livet av både rivalen og sine eigne to barn.