(Noreg, 2023) Regi og manus: Henrik M. Dahlsbakken. Biografisk drama, 1t. 44min., Kino.
Det er 50 år sidan nokon sist freista å laga eit filmatisk storverk om Edvard Munch, og då stod ein brite bak. Kanskje hadde ingen venta at den produktive lågbudsjettregissøren Henrik M. Dahlsbakken var første norske til å dramatisera historia om vår viktigaste og mest kjende kunstnar, men kinoaktuelle «Munch» er fylt med ambisjonar som alt har ført han til Rotterdam, der filmen i går opna ein festival kjent for å satsa på nyskaping. Etter kinolanseringa skal filmen «heim» til Viaplay der «Munch», saman med filmar om Karen Blixen og Hilma af Klint, er del av ei internasjonal dramasatsing på «nordiske ikon» for eit breitt publikum.
Tarjei Vesaas’ «Fuglane» svevar over den grøne øya.
(USA/Irland, 2022) Regi og manus: Martin McDonagh Drama, 1 t. 54 min., kino
Den britisk-irske dramatikaren og filmskaparen Martin McDonagh («Three Billboards Outside Ebbing, Missouri», 2017) har vorte ein prisfavoritt i USA med si blanding av grov vald, bekmørk komikk og open kritikk av giftig maskulinitet. Kombinasjonen er absurd i daglegdags forstand av ordet, medan dei tydeleg konstruerte rollene er inspirerte av ein absurdistisk teatertradisjon.