Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Feminist javisst

Homo i Havana

Med den nye familielova har Cuba tatt eit langt steg fram i synet på LHBT+-personar.

FRAMSKRITT: Filmen «Jordbær og sjokolade» frå 1993 var den første homofilmen i Cuba. Her skodespillarane Jorge Perugorria og Vladimir Cruz i hovudrollane som Diego og David. FOTO: «FRESA Y CHOCOLATE» (1993)

Du må lese dette, sa min nye ven José, og pressa noko som såg ut som ei tjukk tabloidavis i handa mi. – Takk, sa eg. Jo, øh, det skal eg gjere. Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, dessverre. Eg trefte José i eigenskap av drosjesjåfør. Han plukka meg opp i sterkt nedbroten tilstand på ein flyplass etter ein tur som hadde starta med at eg hadde spydd ned heile sikkerheitskontrollen i Havanna. José køyrde meg trygt og sakte fram i sin gamle Lada dit eg skulle bu. Seinare køyrde han meg rundt ein dag. Mykje av det må såg på var øydelagd sosialistisk infrastruktur. Men José, som er 66 år, er den mest ihuga kommunisten eg har møtt på Cuba. Han var fødd i ekstrem fattigdom, og fekk eit verdig liv takk vere revolusjonen.

Det skrivet som han trykte i handa mi, var høyringspapira i førekant av avrøystinga om den nye familielova. Dette var i februar i år, og dei hadde nett kome frå trykkeriet. José var spent. Dette kom til å bli stort. Avrøystinga vart halden den 25. september, det går som regel bra med avrøystingar den dagen. Den nye lova tok til å gjelde allereie to dagar seinare.

Eg har nett vore på Cuba igjen, og den økonomiske situasjonen er ille. Mellom anna manglar det dopapir på brei front. Tanken streifa meg at dersom høyringspapira hadde vore tynnare, så kunne det ha vore meir papir til overs til hygieniske føremål. Ein kan sjølvsagt lett oppfatte framlegget om ny familielov som eit kynisk øving i skinndemokrati mens dei grunnleggjande problema med den økonomiske styringsmodellen neppe kjem til å bli lagde ut til noka avrøysting med det første. Og i så fall ville Cuba vere eit svært normalt land. Overalt der økonomien er blitt frikopla frå demokratiet, har politikarane hatt det travelt med å regulere kroppane og seksualiteten vår. Men i dette tilfellet ville det likevel vere hakket for kynisk, trur eg.

For det første er den nye kubanske familielova resultatet av sosiale prosessar som begynte før den akutte økonomiske krisa sette inn. Krisa no heng mykje saman med pandemien og kollapsen i turistnæringa som er den viktigaste kjelda til valutainntekter. Den kubanske homopolitikken på sekstitalet var ope homofobisk, homoseksuelle menn vart sett på som ein restkategori frå det borgarlege samfunnet, og som ubrukande i revolusjonens teneste. Homoseksuelle lærarar og kunstnarar kunne få yrkesforbod, og somme hamna i arbeidsleirar.

«Homoseksuelle menn vart sett på som ubrukande i revolusjonens teneste»

Dei homofobiske lovene vart annullerte i 1975, og i 1979 vart homoseksualiteten avkriminalisert med ein lågalder på 16. Det sosiale klimaet endra seg framigjennom åttiåra etter at ei homopositiv lærebok frå DDR vart omsett og mykje brukt, og frå 1986 var linja frå kommisjonen for seksualopplysning at homoseksualiteten var ein legitim varietet av seksualiteten, og at homofobien måtte kjempast ned på brei front.

Etter at Fidel i 1992 gjennomførte eit linjeskifte, var kysten klar for den første kubanske homofilmen, «Fresa y chocolate » som forklarer nokså didaktisk korleis ein kan vere både homo og god kommunist. Grunnlova frå syttiåra definerte ekteskapet som ein grunnleggjande samfunnsinstitusjon som kunne inngåast av ein mann og ei kvinne. Trass i at det var vanskeleg for LHBT+-miljøet å organisere seg i det sivile samfunnet, fanst det forsøk frå 2007 på definere om ekteskapet i grunnlova, og sidan 2014 har diskriminering på grunnlag av seksualitet vore ulovleg. I den nye grunnlova frå 2019 blir ikkje kjønn nemnt i § 81 og 82 i samband med retten til å gifte seg og stifte familie. Derimot går det eksplisitt fram av den nye familielova at denne retten er kjønnsnøytral, og at samkjønna par har adopsjonsrett, rett til fertilitetsbehandling, og til ikkjekommersiell surrogati.

Snautt sekstisju prosent av kubanarane røysta for den nye lova, og knapt trettifire prosent røysta mot. Kyrkjene fronta motstanden mot lovframlegget, og tapte. Om lag tjueseks prosent av veljarane møtte ikkje opp, eit høgt tal i kubanske avrøystingar: knapt ti prosent lét vere å røyste under avrøystinga om ny grunnlov i 2019.

At ein legg ut grunnleggjande menneskerettar til demokratisk avrøysting, kan sjølvsagt diskuterast prinsipielt. Viss det går bra, som på Cuba og i Irland, fungerer det legitimerande. Bermuda, som er det første landet som har innført og så sidan avskaffa kjønnsnøytralt ekteskap, kan stå som eit skrekkeksempel på kva som kan skje når LHBT+-rettar ikkje blir skikkeleg forankra i samfunnet. Resultatet av den kubanske avrøystinga er iallfall at landet har eit lovverk for LHBT+-personar som er eineståande i Karibia. Og slik sett kan det kanskje vere like greitt at dei tjukke høyringsblada ikkje vart til dopapir.