Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei lun og leiken framsyning som ikkje kom heilt i hamn.

Leikent og mollstemd

HAVARI: Ein julemiddag fleire og fleire nok kan kjenne seg att i. FOTO: KETIL BORN

Ujul

Nordland Teater i samarbeid med Moddi og Arktisk Filharmoni, Mo i Rana

Songtekst og musikk: Pål Moddi Knutsen  Tekst og dramatisering: Kristofer Blindheim Grønskag

Regi: Oleg Glushkov Med: Pål Moddi Knutsen, Reidar Sørensen, Line Heie Hallem, Rune Storsæther Løding, Maiken Vembre og Hannah Schulte Strid

Jula er full av tradisjonar, og heilt frå førkristen tid ei av dei viktigaste høgtidene våre. Samstundes er ho ganske ekskluderande for dei som ikkje fell heilt inn i falden. Det er mas, kjøpepress og forventingar, og i dagens samfunn med eksar og bonusfamiliar og eg veit ikkje kva, kan ho vere ei uløyseleg logistikkutfordring. Når alt skal vere perfekt, er det duka for mang ein nedtur.