Ujul
Nordland Teater i samarbeid med Moddi og Arktisk Filharmoni, Mo i Rana
Songtekst og musikk: Pål Moddi Knutsen Tekst og dramatisering: Kristofer Blindheim Grønskag
Regi: Oleg Glushkov Med: Pål Moddi Knutsen, Reidar Sørensen, Line Heie Hallem, Rune Storsæther Løding, Maiken Vembre og Hannah Schulte Strid
Jula er full av tradisjonar, og heilt frå førkristen tid ei av dei viktigaste høgtidene våre. Samstundes er ho ganske ekskluderande for dei som ikkje fell heilt inn i falden. Det er mas, kjøpepress og forventingar, og i dagens samfunn med eksar og bonusfamiliar og eg veit ikkje kva, kan ho vere ei uløyseleg logistikkutfordring. Når alt skal vere perfekt, er det duka for mang ein nedtur.