Tidsskrift mellom to stolar
I Klassekampen 14. november seier statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann: «Det er opp til Kulturrådet å vurdere både innretning og volum for denne tilskuddsordningen.» Det stemmer for så vidt. Seinast i vår vart ordninga «Innkjøp og formidling av kulturtidsskrift til bibliotek» oppretta, da ordninga «Subsidierte abonnement til bibliotek» ikkje fungerte og vart avvikla. Kulturrådet står òg fritt til å overføre pengar frå eitt fagområde til eit anna. Men det er stort press på ordningane på alle område. For å styrke tidsskrifta, skal vi svekke eit pandemitynt musikkliv? Eller sende færre bøker til glisne skulebibliotek-hyller? Eller ta frå scenekunstfeltet, der departementet enno ikkje har fått på plass den lenge lova ordninga for etablerte kompani?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent