Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rasar

Halvparten av alle rasa på riks- og fylkesvegar i Noreg går i Vestland. Sist veke gjekk eit stort ras i Masfjorden like ved eit bustadhus, men tok heldigvis berre postkassa og ein naust. Kanskje eit dårleg døme, for det hende på ein kommunal veg, men likevel eit bilete på rasfylket Vestland. Statens vegvesen har no ute på høyring framlegg til ein ny modell for å rekne ut rasfaktor. Rasfaktoren rangerer rasutsette vegar og er viktig for å fordele pengar til rassikring.