Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Same kor eg var fødd, ville eg ha peila meg inn på hestar.

Bondebakgrunn

Onsdag morgon las eg ein svært interessant artikkel av Marthe Synøve Berg. Innleiingsvis handlar han om å få passet påskrive av Hannibal Lechter, som aldri gjev frå seg ein sjanse til å fortelja unge jenter korleis kroppen og kleda deira røper klassebakgrunn og personlegdom. Men litt lenger uti kjem det ei setning som ikkje heng riktig saman verken grammatikalsk eller innhaldsmessig: «Når Solveig Aareskjold i Klassekampen under metoo snakker om kvinnelig styrke og det går opp for deg at det er storbondestyrke hun snakker om når hun skryter av at hun ikke ble offer for metoo så lett på grunn av sitt sunne folkevett.»