SENTRUM: Arbeidarpartiet kastar MDG ut av byrådet og går vidare med Venstre.
Klokka ni i går føremiddag, gav påtroppande byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) samarbeidspartnar MDG meldinga om at dei ikkje er ønskt med vidare i byrådet.
RELIGION: I fjor mista Jehovas vitne statsstøtta på grunn av eksklusjonspraksisen til trussamfunnet. Grunngivinga er at Jehovas vitne opnar for å ekskludere døypte mindreårige. No kan dei også miste registreringa som trussamfunn. «Vi skal no vurdere om dei forholdene som kom fram i undersøkingane våre, også kan ha betydning for registreringa av Jehovas vitne», skriv Statsforvaltaren i Oslo og Viken i eit brev til Jehovas vitne ifølgje Vårt Land. Jørgen Pedersen i Jehovas vitnes informasjonsavdeling skriv til Vårt Land at ei avgjerd om å nekte dei registrering som trussamfunn vil vere eit historisk angrep på trusfridommen. ©NPK