Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norske rapparar får spela ut gangstermytar i NRKs «Flus».

BLODSBRØR: «Flus» viser stor forteljarglede, men driv tvilsam mytologisering av stereotypar. Her Chirag Patel som Asim og Tobias Haile Furunes som Kelechi. FOTO: NRK. Michael Ray Vera Cruz Angeles, Spark, NRK

NRK tar turen aust for Akerselva og meiskar seg med krim dei åtvarar om på Dagsrevyen.

(Produsert av Spark for NRK, 2022)

Manus og regi: Mikael Samuelsen og Yosef Woldemariam.

Med: Filip Bargee Ramberg, Herman Flesvig, Tobias Haile Furunes, Chirag Rashmikant Patel, Ali Choudri, Hassan Javed, Nasra Artan.

Sjanger: Krimdramakomedie.

Lengde: 8 episodar à 25–30 min.

Vist på: NRK TV.

«Flus» er basert på «løgn, myter og legender» forsikrar NRKs nye dramasatsing, som har lagt handlinga til 1999 og det pakistanskstyrte gjengmiljøet i Oslo. Manusforfattar og Madcon-musikar Yosef Woldemariam viser at han er ein god skrønemakar med sans for kva slags eigenskapar som gjer ein figur «legendarisk» (kan det vera noko av årsaka til at serien tar seg råd til å vera så pass innforstått med bruken av slang?).