Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa skal ta inn 3,65 milliardar frå 26 selskap med overskot på 21 milliardar:

Dette er laksekjempene

* Grafikken viser hvor mange tonn laks selskapene er tillatt å produsere, og et anslag over hvor mye de må betale for den nye grunnrenteskatten. Oppdrettsselskapenes produksjonstall er, med få unntak, ikke offentlige. Klassekampen har derfor tatt utgangspunkt i produksjonstillatelsene når vi har anslått skatteregningen for oppdrettsselskapene. Etter å ha trukket fra bunnfradraget på 5000 tonn, har vi fordelt statens forventede skatteinntekter etter størrelsen på ­produksjonen.

GÅR GODT: Kring 26 oppdrettsselskap kan ende opp med å betale den nye lakseskatten til regjeringa. Dei er blant dei mest lønsame selskapa i landet.

Regjeringa vil innføre ein ny grunnrenteskatt på oppdrettsselskap som produserer 5000 tonn med laks i året eller meir.

Resultatet er at 26 selskap med ein samla omsetnad på 121 milliardar kroner og eit resultat før skatt i fjor på til saman 21 milliardar no ligg an til å måtte betale 3,65 milliardar kroner meir i skatt.

Klassekampen har undersøkt lakseløyva til dei ulike selskapa i næringa for å finne ut kven som ligg an til å måtte betale skatten og presenterer eit anslag av kva dei ulike selskapa ligg an til å måtte betale. Vi har også sett på rekneskapen til selskapa som ligg an til å få skatten.

Slukker lysa

Trass det samla milliardoverskotet meiner direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge at den nye grunnrenteskatten «slukker lysa» langs kysten, og han er redd for at den vil få dramatiske konsekvensar både for laksenæringa og for selskap som byggjer båtar og merdar for laksenæringa.

– Regjeringa innfører ein grunnrenteskatt som om laksenæringa og oljenæringa er lik, men dei er veldig forskjellige. I havbruksnæringa er det ein lang verdikjede med investeringar, og det er mykje marknadsarbeid. Denne skatten vil få store konsekvensar for investeringane i næringa, seier Ystmark.

Ystmark fortel at mange selskap no har teke kontakt for å fortelje at dei legg investeringar på is. Han trur og at den nye skatten vil få svært negative konsekvensar for verdien på oppdrettsløyve.

Usikre tal

Men gjennomgangen Klassekampen har gjort av rekneskapen til dei 26 selskapa, syner at dette er nokre av dei mest lønsame selskapa i landet.

«No har vi innført full investeringsstopp inntil vidare»

ØYVIND BLOM, DAGLEG LEIAR I BLOM FISKEOPPDRETT

Skatten vil råke laksegigantar som Mowi, som hadde eit resultat før skatt på 8,6 milliardar i fjor. Eit av dei minste selskapa som vert råka, er Eide Fjordbruk i Bjørnafjorden, men også dei tenar gode pengar. Eide omsette for 837 millionar kroner i fjor, og hadde eit driftsresultat på 130 millionar. Eigarane tok ut eit utbytte på 76 millionar i 2020, som er siste tilgjengelege årsrapport. Gjennomgangen av dei 25 selskapa syner at alle går godt, og at både små og store oppdrettsselskap er mykje meir lønsame enn det som er vanleg elles i samfunnet.

Klassekampen har brukt det offentlege akvakulturregisteret for å finne ut kor mykje fisk dei ulike selskapa har løyve til å ha i merdane sine. Det er ein del usikkerheit knytt til kven som vil betale den nye lakseskatten, men det vert truleg ikkje mindre enn 26 og truleg ikkje så mange fleire enn 30.

Eit anna av dei minste selskapa som vil få den nye skatten, er Blom Fiskeoppdrett i Øygarden utanfor Bergen. Dei hamnar rett over grensa på 5000 tonn.

– For oss får dette dramatiske konsekvensar for pengestraumen, og no har vi innført full investeringsstopp inntil vidare, seier dagleg leiar Øyvind Blom.

Lobbyisme

Økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe har leidd det regjeringsoppnemnde havbruksutvalet.

Ho seier at det nesten verkar som om havbruksnæringa ikkje har lese forslaget som no har kome frå regjeringa.

«Dette er ikkje ein skatt som vil ta ned fortenesta i næringa»

KAREN HELENE ULLTVEIT-MOE, ØKONOMIPROFESSOR

– Dette er ikkje ein skatt som vil ta ned fortenesta i næringa, og den vil ikkje føre til mindre investering, for selskapa kan trekkje frå investeringane sine og få avdrag frå skatten. Dei kan også trekkje frå investeringar som er gjort tidlegare, så dette er det teke omsyn til.

– Kvifor er næringa så negative då, trur du?

– Eg har framleis ikkje møtt ei næring som er positiv til ein ny skatt. Eg lurer likevel på kor lurt det eigentleg er av dei å gå så hardt ut og seie at lysa blir slukka og slikt. Det stemmer jo ikkje, så då veit eg ikkje kor lurt det er å seie det. Dette er ein form for lobbyisme, for det vil ikkje bli mindre investeringar med denne skatten, seier ho.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production