Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oslo skal plante 100.000 tre

BYUTVIKLING: Oslo kommune skal bruke 40 millionar kroner på å plante 100.000 tre innan 2030. Byråd for byutvikling Hanna E. Marcussen (Miljøpartiet Dei Grøne) seier i ei pressemelding at Oslo nyt godt av investeringane i tre som vart gjorde for 100 år sidan. – Men tre lever ikkje evig, og vi må føre vidare plantinga for å behalde det flotte kronetaket i byen. Kven har ikkje sitt eige store favoritt-tre blant dei gamle kjempene? Den kvaliteten vil eg gi vidare til dei som veks opp i Oslo no og i framtida, seier ho. Det skal plantast tre både i parkar, bustadområde og nabolagshagar. Dei største parktrea vil vege fleire 100 kilo når dei blir sette ut. ©NPK