Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV åtvarar Raudt mot å gjere det raudgrøne byrådet til ein motstandar:

Uroa for Raudt-bråket

SER RAUDT: Leiar for Oslo SV Sunniva Holmås Eidsvoll har hatt eit godt samarbeid med Raudt i sine sju år i Oslo bystyre og ser ingen grunn til at det skal ta slutt. I går var ho med då byrådet la fram sitt budsjett for neste år. Skjalg Bøhmer Vold

BESKJED: SV-byråd Sunniva Holmås Eidsvoll åtvarar Raudt mot å bli meir konfronterande. Også MDG og Ap håpar det gode samarbeidet i byrådet held fram.

Det har storma i Raudt i Oslo etter at Siavash Mobasheri vart innstilt som førstekandidat i partiet. Kort tid etter trekte gruppeleiar Eivor Evenrud seg med umiddelbar verknad. No kjem Sunniva Holmås, byråd for oppvekst og kunnskap og leiar i Oslo SV, på bana og manar til samarbeid på venstresida.