Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Han er eit bortkome barn som speler på heroiske strenger.

Utan kultur

SHERWOOD: Krim med uvanleg politisk snert.

På seinsommaren sende NRK ein engelsk serie med uvanleg politisk snert. Han heiter «Sherwood» etter heimetraktene til Robin Hood og utspeler seg i eit lokalsamfunn med ulukkelege band til fortida. Førti år etter storstreiken på åttitalet er det framleis delt mellom fagforeiningsfolk og streikebrytarar, og dei indre motsetnadene har sett livet på vent. Ein advokat som er innom, oppsummerer den særeigne britiske tilstanden i eit velformulert hjartesukk: For eit gamalt land dette er, så fullt av historie! Problemet er ikkje alle feila som er gjorde, men mangelen på vilje til å læra av dei.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.