UTDANNING: Resultata frå nasjonale prøver i grunnskulen bør ikkje offentleggjerast, meiner Raudt. Dette vil bidra til å fjerne noko av stresset hos elevane, meiner dei. – Aller helst vil vi kutte ut nasjonale prøver. Men å la vere å offentleggjere resultata vil vere eit første steg i rett retning, seier stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt i Raudt til Utdanningsnytt. SV varslar at dei vil stille seg bak forslaget, medan Sp seier dei er positive til alle initiativ som lettar pressa i skulen, men at dei må sjå forslaget før dei tek stilling til det.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Sveisen
Dagboka
- «Basert på responsen så langt, har vi truffet en nerve», seier kommunikasjonsrådgjevar Eivind Kallevik i Sjøfartsdirektoratet til Haugesunds Avis. Han snakkar om rekrutteringsvideoen direktoratet har laga for å finne IT-utviklar. Det skjer mykje i videoen, men mest kjent er kanskje rolla Knut Arild Hareide speler med hockeysveis. Videoen er sett til åttitalet, derav sveisen. Det er mykje anna bra av klede, frisyrar, romanse og action. Og nokon burde be om innsyn i rekneskapen for filmen.