Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Raudt vil skjule nasjonale prøver

UTDANNING: Resultata frå nasjonale prøver i grunnskulen bør ikkje offentleggjerast, meiner Raudt. Dette vil bidra til å fjerne noko av stresset hos elevane, meiner dei. – Aller helst vil vi kutte ut nasjonale prøver. Men å la vere å offentleggjere resultata vil vere eit første steg i rett retning, seier stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt i Raudt til Utdanningsnytt. SV varslar at dei vil stille seg bak forslaget, medan Sp seier dei er positive til alle initiativ som lettar pressa i skulen, men at dei må sjå forslaget før dei tek stilling til det.©NPK