Midtsommar på gullkysten

Etter ei hyggjeleg jonsokfeiring i Ålesund torsdag la sommarbåten til Klassekampen ut i retning studentbygda Volda på morgonkvisten i går. Sjølv vakna eg i åttetida av at det gynga veldig i den vesle køya mi heilt bakarst i båten. Då eg kom opp på dekk med ein kaffikopp synte det seg at vi hadde sjølvaste storhavet rett på oss frå vest, og dei store havdønningane sette store rørsler i den 76 fot lange galeasen Svanhild. Innover Vartdalsfjorden fekk vi le for både vind og bølgjer, og det klårna opp til å bli ein nydeleg sommardag og ein flott fem timars seglas inn til Volda.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent