- I dag skal styret i Tine avgjere framtida til Voss meieri. Meieriet har om lag 20 tilsette og produserer i hovudsak Norvegia-ost og Vossadravle. Det har vore truga av nedlegging fleire gongar tidlegare. Tine har 32 meieri, frå Bergen i vest til Tana i aust. Ifølgje Nationen har konsernet lag ned 100 meieri på 30 år. Tana var saman med det andre meieriet i Finnmark Alta truga med nedlegging i fjor, men styret ville halde på begge to. Det er ikkje mange aktørar som er viktigare for norsk jordbruk og norske distrikt enn Tine, som har 8711 bønder som eigarar og 5240 tilsette.
Meieriet
Dagboka