Du kan bla til neste sideBla med piltastene

160 flyarbeidarar kan gå ut i streik

ARBEIDSLIV: 160 flyarbeidarar blir tekne ut i streik i morgon om Fellesforbundet og NHO Luftfart ikkje blir samde i meklinga som har frist ved midnatt i dag. Fellesforbundet og NHO Luftfart går til mekling etter at resultatet på Flyoverenskomsten vart stemt ned. Dag-Einar Sivertsen, forhandlingsleiar i Fellesforbundet, seier at dei er motiverte for å finne ei løysing, men at både delegasjonen og medlemmene er kampklare om det skulle bli nødvendig. – Viss denne bransjen skal vere konkurransedyktig på å tiltrekkje seg dei rette folka, må vi sjå ein progresjon i utviklinga av lønnsnivået i overeinskomsten, seier Sivertsen.©NPK