Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Såpe og sanning på sjukehuset

HENDENE FULLE: Sjefsjordmor Ella (Sofie Gråbøl) tar i mot både fødekvinner og barna deira. FOTO: TV 2

Velkjente konfliktar og avromantiserte mytar i helsevesenet.

(Dag & nat, sesong 1, Danmark, 2022)

Serieskapar: Lone Scherfig.

Med: Sofie Gråbøl, Pål Sverre Hagen.

Sjanger: Dramaserie.

Lengde: Åtte timelange episodar.

Vist på: TV 2 Play, TV 2 på måndagar.

Danske Lone Scherfig («An Education») er ein internasjonalt feira og etterspurt film- og serieskapar. Når ho etter nær 15 år utanlands har laga ein ny, danskspråkleg produksjon, har ho valt å ta tempen på det offentlege helsevesenet. Tidspunktet kunne nesten ikkje vore betre.