Velkjente konfliktar og avromantiserte mytar i helsevesenet.
(Dag & nat, sesong 1, Danmark, 2022)
Serieskapar: Lone Scherfig.
Med: Sofie Gråbøl, Pål Sverre Hagen.
Sjanger: Dramaserie.
Lengde: Åtte timelange episodar.
Vist på: TV 2 Play, TV 2 på måndagar.
Danske Lone Scherfig («An Education») er ein internasjonalt feira og etterspurt film- og serieskapar. Når ho etter nær 15 år utanlands har laga ein ny, danskspråkleg produksjon, har ho valt å ta tempen på det offentlege helsevesenet. Tidspunktet kunne nesten ikkje vore betre.