Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi får ny definisjon på hetebølgje

VÆR: I sommar skal Noreg prøve ut ein ny definisjon av hetebølgje. Det må no vere ein lengre periode med varme for å oppnå kravet for fenomenet. Tidlegare har ei hetebølgje vorte definert som 28 grader eller meir over tre dagar. Det endrar seg no. I staden må det vere meir enn 28 grader på dagtid over fem dagar, samtidig som nattetemperaturen ikkje kan gå under 16 grader i same tidsrom, melder NRK. – Tre dagar med varme er absolutt varmt det og, men vi jobbar med å kunne varsle fare ved hete, og då må det bli såpass varmt at det blir opplevd som litt ubehageleg, seier klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt til rikskanalen.©NPK