Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Passet

  • Det er krise i Noreg. Sydenturar ryk, det same gjer korpsturar, studentar som tenkjer eitt halvår i Bali endrar alt, sit og ventar spente som faen. Det er uforståeleg lange køar utanfor politistasjonane, umogleg å få tak i time for å søkje om pass, det er råvaremangel og krig i Europa, og alt fører til enorme passkøar. Og eg latterleggjer ingen. Eg bestilte sjølv tur til Shetland då NRK i påska la ut den siste sesongen av krimserien spelt inn der. Eg hadde jo ikkje pass, og no ventar eg spent på om det kjem fram i tide (eg tek gjerne imot reisetips frå shetlandsfararar).