Det nærmaste eg har vore Russland, er Café Moskva i Praha, der eg var aleine gjest ein kveld med regn, og trass i våte klede og skral betalingsevne blei overdådig oppvarta av tre unge kelnerar. Dei gav meg ein utsøkt steikt ferskvassfisk, og til dessert fekk eg blini, som eg berre kjente frå den fornemme menyen i ‘Babettes gjestebud’ av Karen Blixen. Det viste seg å vera den delikataste svele med syltetøy.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.