Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vald: Finsk forfattarduo vil synleggjere forma i mordforteljingar.

101 måtar å drepe på

KALDSINNA: Sinikka Vuola og Laura Lindstedt har skrive ein ubehageleg litterær spøk. FOTO: LAURA MALMIVAARA

I det finske tidsskriftet Alibi, ei sensasjonalistisk true crime-blekke med kommersielle ambisjonar, kunne ein tidleg i 1980-åra lese om ei uvanleg finsk-norsk kriminalsak. Den forferdelege historia handla om ei ung kvinne frå Finland som flytta til Norge i 1960-åra for å byrje på universitetet. Ho møtte ein stilig norsk sjømann og gifta seg med han, men snart byrja mannen å utøve grov vald mot henne, også seksuell vald. Etter 18 år med mishandling og overgrep får kvinna nok og skyt mannen med eit gevær. Sensasjonelt nok frikjende den norske domstolen henne, etter at tenåringsdottera vitna om farens valdshandlingar.