Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Likemenn

  • Den anonyme kunstnaren Pøbel hyllar fotballstjerna Erling Braut Håland med eit måleri som strekkjer seg over fleire etasjar på veggen til meieribygget i Bryne sentrum. På taket står knyttneven, laga av stål og veg om lag to tonn. Håland sjølv har lagt ut meldinga «Insane @pobel.no Husk: alræ gløm kor du kjæme ifrå» på Instagram. Kunstnaren Kjetil Barane har laga ein treskulptur av Håland som er over tre meter høg og veg 700 kilo. Meldinga frå Håland inspirerte Pøbel til å lage eit nytt kunstverk. Denne gongen eit måleri av Håland med ein karakteristisk hårknute som går med ein gris i band.