Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

Kritikk for sponsing

SKJERMDUMP: VGTV

VGTV får sponsorkritikk frå Medietilsynet. I ein episode av Harm & Hegseth på VGTV i april omtalte programleiarane sponsa premiar frå Kondomeriet meir omfattande enn det er lov til. «Dette er eit klart brot på reglane, og vi gir VGTV ei åtvaring for brotet», seier Medietilsynets Hanne Nistad Sekkelsten i ei pressemelding. Sponsa premiar skal ikkje presenterast meir omfattande enn nødvendig. Reglane i kringkastingslova skal hindra at reklame blir blanda inn i det redaksjonelle innhaldet og skapa tvil om kva som er kva. GK