Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kunst

Den fyrste song eg høyra fekk

Nora Adwans lågmælte voggesong-installasjon er ei skjerma lomme i eit ugjestmildt landskap.

TRYGGLEIK: Kvinnehendene i Nora Adwans installasjon «Sang i et fremmed land» gestikulerer forsiktig og skapar ei ansiktslaus kjensle av tryggleik. FOTO: NORA ADWAN

Astrup Fearnley Museet, Oslo

Står til 7. august

Astrup Fearnley-museets samlingspresentasjon på Tjuvholmen i Oslo har ei påtakeleg kulde over seg, og det er ikkje fyrst og fremst kunstverka si skuld. Innslag av kjølig distanse er sjølvsagt å finne, her som alle andre stader samtidskunst frå dei siste tiåra vert vist fram med ei viss bredde. Men det er mest dei store, dunkelt opplyste romma som får ein trekke jakka nærare inntil kroppen, mangelen på tematisering av samanhengane dei ulike arbeida imellom som gjer det vanskeleg å finne gnista.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?