I «Sang i et fremmed land» setter Nora Adwan i scene eit vakkert møte mellom norsk og palestinsk kultur.
Astrup Fearnley Museet, Oslo
Står til 7. august
Astrup Fearnley-museets samlingspresentasjon på Tjuvholmen i Oslo har ei påtakeleg kulde over seg, og det er ikkje fyrst og fremst kunstverka si skuld. Innslag av kjølig distanse er sjølvsagt å finne, her som alle andre stader samtidskunst frå dei siste tiåra vert vist fram med ei viss bredde. Men det er mest dei store, dunkelt opplyste romma som får ein trekke jakka nærare inntil kroppen, mangelen på tematisering av samanhengane dei ulike arbeida imellom som gjer det vanskeleg å finne gnista.