Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Beordra tiltale mot vaktsjefen

KOLLISJON: Ifølgje riksadvokaten var aktlaus navigering hovudårsaka til at KNM Helge Ingstad kolliderte, og han har beordra tiltale mot vaktsjefen om bord. Samtidig blir òg Forsvarsdepartementet varsla om at riksadvokaten meiner det er grunn til å gi føretaksstraff etter kollisjonen. Forsvarsdepartementet er gitt frist til 20. mai med å svare på dette. Vaktsjefen om bord på KNM Helge Ingstad er den einaste som blir tiltalt av fire enkeltpersonar som politiet tok ut sikting mot etter kollisjonen med oljetankskipet TS Sola i Hjeltefjorden natt til 8. november 2018. Strafferamma etter beordringa til riksadvokaten er bot eller fengsel i inntil tre år.©NPK