ØKONOMI: Prisen på bind og dopapir vil stige i sommar, varslar det svenske hygieneselskapet Essity. Nedsal i Russland og dyrare innsatsfaktorar ligg bak. Essity er morselskapet til selskap som Tena, Libresse og Tork, som sel dopapir og andre produkt i Noreg. – Det er store kostnadsaukar knytt til råvarer, distribusjon og energi, seier administrerande direktør Bjørn Øyrås i Essity Norway AS. Ifølgje Øyrås har kostnadsaukane kome over tid, både under og etter pandemien. Krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland har lagt ytterlegare press på selskapet. Øyrås kan ikkje seie noko om korleis prisaukane vil sjå ut.©NPK
Eg tørkar tårene av kinnet snart på den eine og snart på den andre.
Forsoning
Av og til minnest eg foreldra mine som nokon som eg er mor til. Grunnen er nok at dei var midt i trettiåra, yngre enn son min er no, då eg oppdaga dei som frittståande personar: ein kraftig kar og ei pen kvinne, flinke i arbeidet sitt og statistisk sett med dei beste framtidsutsikter. Den eldre utgåva av mor og far er meir utydeleg, fordelt over ei nedgangstid som varte halve livet, og som eg aldri har forstått at dei ville utsetja seg sjølve og sine næraste for. Men dei to unge vaksne går rett til hjartet på meg. Eg sit midt mellom dei og held armane omkring dei, og dei lener seg inntil meg og legg hovuda på akslene mine. Eg kjenner varmen av kroppane deira og dufta av håret, og tørkar tårer av kinnet snart på den eine og snart på den andre, for livet har sett seg på tvers, og dei veit ikkje si arme råd.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.