MuseerJonas Brække (tekst) og Hanne Marie Lenth Solbø (foto)
Det finnes ingen felles retningslinjer for hva som er tillatt av ytringer på et museum. Folkemuseet setter grensa ved hatefulle symboler.
Lørdag ble studenten og menneskerettighetsaktivisten Lisana Preteni kastet ut av Munchmuseet fordi hun hadde på seg en jakke med støtteerklæring til palestinere.
Galgenhumoristisk spaningsdrama om å rømma frå medynk.
(Sokea mies joka ei halunnut nähdä Titanicia, Finland, 2021)
Regi og manus: Teemu Nikki.
Med: Petri Poikolainen, Marjaana Maijala, Samuli Jaskio.
Sjanger: Dramathriller.
Lengde: 1 t. 22 min.
Vist på: Kino.
Tittelen kan få ein til å tru at det er snakk om ein filma «flyplassroman» av mest klisne slag, men dette finske dramaet er noko ganske anna. Faktisk ønskjer hovudpersonen, den blinde rullestolbrukaren Jaakko (Petri Poikolainen), meir enn noko anna å sleppa unna all medynk og sentimentalitet (som i filmen «Titanic»). Men som kjent skal ein vera varsam med kva ein ønskjer seg, og i hendene til filmskapar Teemu Nikki får Jaakko meir ansvar for eige liv enn dei fleste av oss har lyst på.