Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Seier nei til å nedgradere rapport

RAPPORT: Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har avvist eit forslag frå Raudt om å nedgradere EOS-utvalets samandrag av sluttrapporten om Frode Berg-saka. – Eg er glad for at eit fleirtal har avvist forslaget. Høgre har heile vegen meint at Stortinget ikkje bør overprøve Forsvarsdepartementets vurdering, seier komitéleiar Peter Frølich (H). – Nedgradering av slikt materiale kan få alvorlege skadefølgjer for nasjonale tryggingsinteresser, seier han. Raudts forslag har vore å vedta ei lov om nedgradering av rapporten.©NPK