SELSKAP: Eide Fjordbruk er strålande fornøgd med å ha kapra Frp-nestleiar Terje Søviknes som lobbyist.
– Vi er frå ein liten plass. Når ein slik ressurs som Terje Søviknes blei arbeidsledig, var det nyttig for oss å knyte han til oss. Han har ein kunnskap og ein kompetanse få andre her i Hålandsdalen har, seier Sondre Eide i Eide Fjordbruk.