DOMSTOL: Reversering av domstolsreforma vil bli 40 millionar kroner dyrare enn anteke og potensielt gi store negative konsekvensar, meiner Domstoladministrasjonen (DA). I fjor anslo DA at det ville koste 75 millionar kroner å snu reforma. No meiner dei prislappen blir 65 millionar kroner i investeringar og 50 millionar kroner i auka lønnskostnader. Det går fram av DAs svar til den pågåande høyringa om reverseringsforslaget frå regjeringa. Høgres justispolitiske talsperson Sveinung Stensland meiner høyringssvaret viser at regjeringa bør leggje vekk planane. – Det siste vi treng, er uvisse i rettsapparatet og justissektoren, skriv han i ein e-post til NTB. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Lokkar
Dagboka
- Fastlegeordninga har knela lenge. I både bygd og by kan det vera vanskeleg å få seg fastlege. Mange fastlegar orkar ikkje meir og sluttar. Bergen er blant kommunane der det er trongt om ein plass på listene. Seinast i november i fjor var det heilt fullt. I dag er det elleve legar med plass i Noregs nest største by. Ved utgangen av desember var det i 70 kommunar over 10 prosent av innbyggarane som var utan fastlege, ifølge ein ny rapport.