Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hardt ut mot reversering av reform

DOMSTOL: Reversering av domstolsreforma vil bli 40 millionar kroner dyrare enn anteke og potensielt gi store negative konsekvensar, meiner Domstoladministrasjonen (DA). I fjor anslo DA at det ville koste 75 millionar kroner å snu reforma. No meiner dei prislappen blir 65 millionar kroner i investeringar og 50 millionar kroner i auka lønnskostnader. Det går fram av DAs svar til den pågåande høyringa om reverseringsforslaget frå regjeringa. Høgres justispolitiske talsperson Sveinung Stensland meiner høyringssvaret viser at regjeringa bør leggje vekk planane. – Det siste vi treng, er uvisse i rettsapparatet og justissektoren, skriv han i ein e-post til NTB. ©NPK