Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klokkene ringer for Ukraina

MARKERING: Den norske kyrkja og Noregs kristne råd oppmodar til ei landsomfattande markering i solidaritet med Ukraina søndag. – Det gjekk nettopp ut melding frå preses og kyrkjerådsleiar til alle kyrkjeverjer med oppmoding til klokkeringing klokka 13 søndag, seier kommunikasjonsrådgivar Sigrid Rege Gårdsvoll i Kyrkjerådet til Dagen. Den tverrkirkelige organisasjonen Noregs kristne råd stiller seg òg bak initiativet. – Vi følgjer opp dette med ei tilråding. Det kjem ei felles pressemelding med Den norske kyrkja litt seinare i dag, stadfestar Erhard Hermansen i Noregs kristne råd overfor Dagen.©NPK