Tradisjonelt fiskeri er nær borte, og med det kulturen fisket skapte.
(Luzzu, Malta, 2021)
Regi og manus: Alex Camilleri.
Med: Jesmark Scicluna, Michela Farrugia, David Scicluna.
Sjanger: Drama.
Lengde: 1 t. 35 min.
Vist på: Kino.
Det moderne Malta ser ein sjeldan på kinolerretet. Øystaten blir brukt til internasjonale filminnspelingar, men ein maltesisk spelefilm, med maltesisk handling, på maltesisk språk, har i alle fall ikkje eg sett før «Luzzu – fiskeren fra Valletta». Det åleine gjer filmen verd å sjå.